Thumb spbsfj logo

Søknadar 2016

Sparebankstiftinga skiljer mellom to søknadar for gåver til allmennyttige tiltak i Sogn og Fjordane: "Forenkla søknad", der ein kan søkje om inntil kr. 10.000. Dette søknadsskjemaet er tilgjengeleg heile året, og ein kan søkje når som helst.

Ønskjer du søkje om meir enn 10.000 kroner velgjer du "ordinær søknad"; søknadsskjemaet for dette blir lagt ut i byrjinga av hhv. februar og august, og blir fjerna igjen etter søknadsfristane, som er 1. mars og 1. september.

Treng du teknisk hjelp? Sjå support.stift.io

Søk støtte

Om stiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vart etablert hausten 2010, og er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane. Gjennom sitt eigarskap i sparebanken har stiftinga ein eigenkapital på nærare 1,8 milliardar og er dermed ein av dei største forretningsstiftingane i landet.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ambisjonar om å verte ein viktig aktør i samfunnsutviklinga i fylket, som den dominerande eigaren av den største banken i fylket og gjennom utdeling av gåver til allmennyttige formål.

Søk om midlar

Gåveinstituttet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane om å vere ei drivkraft for fylket. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

Alle som ønskjer å setje i gong allmennyttige tiltak som byggjer opp om denne visjonen er velkomne til å søkje om midlar frå Sparebankstiftinga. Les meir om våre prioriteringar og vilkår her.

Sparebankstiftinga har tre søknadskategoriar:

  • Furorestipend (personlege stipend til framifrå ungdom (u/30 år) i kategoriane kultur, idrett og open klasse) har søknadsfrist 15. juni. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.
  • Ordinær søknad om gåve til allmennyttige tiltak har søknadsfrist 1. mars og 1. september.
  • I tillegg er det høve til å sende Forenkla søknad om gåver på under 10.000 kroner fortløpande.

Alle søknadar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane må sendast inn digitalt via www.sparebankstiftinga.no; søknadar sendt inn på annan måte vil ikkje bli handsama. Avslag på gåvesøknader vil ikkje bli grunngjeve.

Krav til søknaden

Alle søknadar må registrerast på denne søknadsportalen; det er ikkje høve til å sende inn søknad på annan måte. Som hovudregel ber vi om at du gir så fullstendige opplysningar om søkjar og om tiltaket som mogleg.

Budsjett for tiltaket er påkravd. Mangelfulle eller uklare opplysningar kan vere grunnlag for avslag.