Thumb logo

Søknadsrunda for 2017 er opna.

Søknadsfristen går ut 1. mars 2017. Tildeling i mai.

Ungdom kan søkje om På rappen-midlar fortløpande, gjennom heile året.

Treng du teknisk hjelp? Sjå support.stift.io

Søk støtte

Ny søknadsløysing

Dette er den nye og forbetra løysinga for søknader til Sparebankstiftinga Fjaler.

Du må opprette ny brukar for å søkje - du kan ikkje bruke den du hadde i den gamle løysinga frå før 2014.

- Hovudsida til stiftinga >>
- Informasjon om stiftinga >>
- Informasjon om gåvetildeling >>


Gåvetildeling

Styret i Sparebankstiftinga Fjaler har som mål at deler av stiftinga sitt overskot skal verte gitt som årlege gåver til allmennyttige føremål.

Dette skal auke trivselen for dei som oppheld seg i nærmiljøet. Stiftinga skal i si verksemd først og fremst prioritere gåver i det distriktet som har bygd opp grunnkapitalen (sparebanken sitt fond) i tidlegare Fjaler Sparebank.

Slik kan du søkje

På ordinære søknader vert følgjande søkjarar prioritert: Prosjekt og organisasjonar som: arbeider for og med barn og ungdom, er drive av frivillige, kjem mange til gode, og tiltak som løftar frivillig engasjement og dugnadsvilje.

Er du ein ungdom i Fjaler/Holmedal som har ein god idè til eit prosjekt du vil gjennomføre og du treng pengane raskt, kan du søke om “På rappen"-midlar på opp til kr 5000 og få svar innan 10 dagar. Send "På rappen"-søknad >>